GÃ¥ til innhold

«Den dagen Nils Vik døde»


forfatter Frode Grytten i samtale med Therese Bakkevoll

lørdag 9. november kl. 21:30–22:30 , Storgata Camping (Se kart)

Folkekjære Frode Grytten gjestar Ordkalotten 2024 med fjorårets roman, «Den dagen Nils Vik døde» (2023) som er eit stemningsfullt portrett av eit mannsliv i ein vestlandsfjord. Romanen skildrar den standhaftige skyssbåtføraren Nils Viks siste tur over fjorden, med den avdøde bikkja si som reisefølgje. Langs leia ventar ei rekke av tidlegare passasjerar og kjensfolk som har kryssa før han til den andre sida. For denne boka vann Grytten Brageprisen for andre gong og den er i tillegg nominert til Bibliotekets litteraturpris.

«Over fjorden går han. Over fjorden utan å nøle. Over fjorden som så mange gongar før. Seint og tidlig. Morgon og kveld. I storm og stille. Mot aust og mot vest. Bare måsane følger han, dei mumlar og klagar, verkar unaturlig kvite der dei heng over båten. Nils Vik snur seg. Huset glir straks ut av syne. Neste gong han snur seg, vil han ikkje kunne sjå det.»

Frode Grytten i samtale med forfatter Therese Bakkevoll.

 

Medvirkende:

Dette skjer før og etter