GÃ¥ til innhold

Frode Grytten


Frode Grytten gjestar Ordkalotten 2024!

Grytten debuterte som lyrikar i 1983 med diktsamlinga «Start» og har sidan nådd ut til eit stort og breitt publikum med romanar, noveller, barnebøker og lyrikk.
Han slo for alvor igjennom med «Bikubesong» (1999). Kollektivromanen frå arbeiderblokka Murboligen i Odda sikra han Brageprisen det året og blei nominert til Nordisk Råds Litteraturpris. Teaterversjonen trakk fulle hus både i Oslo og Bergen.
Fjorårets roman, «Dagen Nils Vik døde» (2023) er eit stemningsfullt portrett av eit mannsliv i ein vestlandsfjord. Romanen skildrar den standhaftige skyssbåtføraren Nils Viks siste tur over fjorden, med den avdøde bikkja si som reisefølgje. Langs leia ventar ei rekke av tidlegare passasjerar og kjensfolk som har kryssa før han til den andre sida. For denne boka vann Grytten Brageprisen for andre gong og den er i tillegg nominert til Bibliotekets litteraturpris.
Grytten er kjent som ein stilsikker novelleforfattar og har gitt ut fleire konseptuelle novellesamlingar. Han har også lang fartstid som journalist og essayist. Musikk speler ei viktig rolle i mange av tekstane hans, og han opptrer ofte med saman med sitt Frode Grytten Beat Band som består av forfattarkollega og musikar Pedro Carmona Alvarez og andre musikarar frå jazzmiljøet I Bergen. Han er på scenen under Ordkalotten 09 november, i samtale med Therese Bakkevoll.
Foto: Helge Skodvin